Wonderful moments

No er det jammen lenge sidan sist. Eg veit at eg skulle byte header og design, men eg har rett og slett ikkje klart å somle meg til det. Det einaste eg har skifta ut, er skriftspråket. Sidan eg alltid har hatt nynorsk som hovudmål, er det jo på sin plass at eg brukar det her óg. 

Det har skjedd litt av kvart sidan sist. Eg har vore russ, Flush har blitt påkøyrd (RIP♥), og vi ventar no på ei ny lita pusejente som heiter Chips. Akkurat no er eg i gong med kjemilesing. På tysdag skal eg opp til munnleg eksamen, og eg håpar verkeleg at det går bra. Det er litt keisamt å bruke 19-årsdagen til å pugge, men eg har jo strengt teke ikkje noko val. 

Når denne veka omsider er slutt, er eg endeleg ferdig med vgs. Då skal eg ikkje lese noko anna enn det eg har lyst til heile det neste året. For ein oppløftande og herleg tanke! Eg har unnlete å leggje faste planar for sommaren og hausten, og har tenkt å ta ting litt som dei kjem. Det einaste eg er heilt sikker på akkurat no er at eg skal til Danmark, på Roskilde-festivalen. Herleg!

Kva skal du i sommar?

chipsfossflush

russ


Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits