Jonsokafta

Eg hadde heilt gløymd at det var jonsokafta i dag. Då eg var lita var det ein av dei få dagane i året då eg fekk lov å vere våken til langt på natt (dei to andre dagane var julafta og nyttårsafta), så for meg har jonsok alltid vore noko spesielt. Det har jo óg noko å gjere med at denne natta er ei av dei lysaste i året, at eg fekk vere jonsokbrur, og ikkje minst; eit stort bål og grilling med alle naboane. 

Ofte nytta vi ungane sjansen til å sove i telt i hagen, og det var alltid artig å stå opp morgonen etter for å sjå om bålet framleis brann. Gjorde det det, heiv vi sjølvsagt på meir, slik at det blussa opp, og vi kunne grille pølser til frukost. Dersom det viste seg at vi ikkje fekk fyr, brukte vi i staden oska til å male ansiktet og leike lausungar og tiggarar. Herlege minner!

Men i år hadde eg altså gløymd heile greia. Eg kom ikkje på det før eg vart invitert til Torheim med familien til Martin, og det sjokkerte meg eigentleg ein smule. Martin sjølv ville ikkje vere med, så eg sykla dit saman med Solbjørg og Lina. Det er faktisk to mil, så eg synest det var ein bra tur.

På Torheim grilla vi, tende bål og sende flaskepost. Etterpå tok vi oss ei runde i bygda og plukka morellar (ikkje alle var like modna, riktignok) og verdas beste jordbær. Eg angrar verkeleg på at eg ikkje tok bilete, for dei var heilt fantastisk nydelege. Eg angrar óg litt på at eg åt så mange, for magen kranglar litt no...

Håpar du har hatt ein fin kveld, og viss ikkje: hugs at sommaren berre så vidt har begynt!

Én kommentar

Sahra

24.jun.2009 kl.01:05

jeg hater sommerferie, jeg savner skolen haha. og st.hans, jeg ser bare ikke poenget i å samle masse folk i en stakk på en strand for å tenne på et teit bål. det er greit å feire johannes, men alikevel.. det med johannes blir så langt borte.

Skriv en ny kommentar

hits